Back to All Events

Heile Vestland deler: Bildeling for folk, firma og framtida

  • Partnerscenen: Rommet (map)

Presentert av Klimapartnere Vestland

Natur- og klimakrisa krev at vi gjer drastiske endringar i måten vi brukar både areal og energi på. Klimagassutsleppa og arealbruket må reduserast. 

Skal vi lykkast med det grøne skiftet, må bruk og kast erstattast med delingsøkonomi og sirkulære verdikjedar.

Bilen har historisk sett teke stor plass, og medverka til klimagassutslepp og forureining i by og bygd. Samstundes står den stille store delar av døgnet, og er såleis skapt for å delast.

Finst det løysingar som kan redusere bilen sin påverknad på klima og natur, utan at det går utover kvardagen til folk flest, næringsliv og kommunar? Og korleis utvide bildelekonseptet også til kommunar i distriktet?  

Klimapartnere Vestland er stolte over å vere på Kulturhuset under Varmere Våtere Villere. Vi har invitert eit panel ekspertar frå kommunesektor og næringsliv til å diskutere korleis bildeling kan redusere bilen sitt fotavtrykk, utan å redusere mobiliteten til innbyggarane, tenesteytarar og næringsliv. 

Medvirkende:
Sturla Alvheim, strategisk leiar for innkjøp i Vestland fylkeskommune 
Lars Ove Kvalbein, spesialrådgjevar i seksjon for berekraftig mobilitet i Bergen kommune 
Tori Langaas, ansvarleg for brukaropplevingar i Dele (tidlegare Bildeleringen) 
Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland

Samtaleleder: Truls-Einar Strand Johnsen, nestleder i Klimapartnerne Vestland

Panelet oppdateres

Inngang: Enkeltbillett, dagspass eller festivalpass

 
Previous
Previous
14 March

Can we count (on) carbon removal?

Next
Next
14 March

Blir klima Norges største utenrikspolitiske utfordring?