Back to All Events

Antarktis — Draumen om det kalde, kvite kontinent

  • Messaninen, Kulturhuset i Bergen (map)

Antarktis tiltrekk seg hardhausar med rekordforsøk i blikket. Men ikkje alle rekordar er av samme type. Det kalde isaudet rundt Sydpolen er i dag gjenstand for mange forskingsekspedisjonar så vel som eventyrlystne polfararar. På festivalscena møter du to polfarar med ulikt utgangspunkt:

Svein Østerhus er forskar ved NORCE og Bjerknessenteret. Sidan 80-talet har han vore i Antarktis 16 gongar, og til saman har han tilbrakt meir enn tre år av sitt liv der. Østerhus har også en verdensrekord; han har målt verdas kaldaste vatn i havstraumane under isbremmane i Antarktis er: - 2,6 grader Celcius. Han bora gjennom kilometer tjukk is for å kartlegge havvatnet som strøymer under dei mektige isbremmane. Forskingssinnsatsen er med på å gje verdifull innsikit i korleis klimaendringar påverkar havsirkulasjonen og issmeltinga i Antarktis.

AK Teigland er polfarer som to gongar har vore på ekspedisjon til Sydpolen. Som han sjølv seier: «Ikkje alle soger endar med siger og flagget over hovudet. Nokre endar med nasen ned i snøen på 88 grader sør og ei sjukestove på Union Glacier.» I 2024 ville AK bli verdas raskaste person til Sydpolen. Etter 20 dagar i retning Sydpolen måtte han gi opp.

Antarktis er det kaldeste, mest forblåste og tørreste kontinentet på jorda, og inneheld 90 prosent av all is på jordkloden. Men dei siste femti åra har det skjedd ei oppvarming på meir enn 3˚C. Vest på Antarktishalvøya har issesongen minka med opp mot 90 dagar, og fleirårsisen har forsvunne. Her fins det opp mot sjuhundre isbreer, men 90 % av dei trekker seg no tilbake. Forskere hevder at om det vestantarktiske isdekket smeltar, vil det globale havnivået stiga med nesten 5 meter. 

Bli med på ein samtale om både personlige bragder og bekyrmingsverdige endringar på dette kalde, kvite kontinentet.

Medvirkende:
AK Teigland
, polfarer
Svein Østerhus, polforsker

Inngang: Enkeltbillett, dagspass fredag eller festivalpass.

Previous
Previous
14 March

Is the Courtroom the New Battleground?

Next
Next
14 March

Norsken, svensken og dansken