Matsvinn og berekraft - Bli inspirert til å ete opp maten din!
Møt Karoline Korneliussen, skoleprosjektleder i Matsentralen Vestland i samtale med forskar Natalia Mælhe.
Visste du at det kastast over 100 brød i minuttet i Noreg? Kvar eineste dag kastast det 1200 tonn med eteleg mat her i Noreg.
Kva kan vi gjere med dette? Jo, vi treng å bli medvitne matreddarar. Vi treng at heilt vanlege folk som deg og meg, et opp maten vår.
Natalia vil til slutt gje oss eit innblikk i hennar nye EU-prosjekt Foodmission, som skal kartleggja korleis forbrukarar kan vere drivkraft for eit meir berekraftig matsystem.
FN har estimert at ein tredjedel av all mat som vert produsert i verda aldri blir ete. Dette er problematisk både frå eit etisk og miljømessig perspektiv ettersom matproduksjon legg beslag på 37 % av verdas landareal, 70 % av ferskvatnet og står for 24 % av globale klimagassutslepp. Sirkulærdagene ønskjer å setje fokus på dette.
Velkommen!