Tid: Onsdag 12. mars, 08.15
Inngang: Gratis
HVL inviterer til frukostmøte med bokbad og samtale om naturtap og klimaangst, og korleis vi skal mobilisera for å engasjere oss til å gjera noko. Lett servering.
Bokbadet er med forfattar Sigri Sandberg som nyleg har gitt ut boka «Det året eg vakna»
«Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss?»
Samtalen med Sigri etterpå blir leia av prorektor for forsking Christine Øye, med professor Knut Rydgren og Oda Nordaas Solheim fra Studenttinget.
Vi avsluttar bokbadet med ein satirisk kommentar frå Ken André Ottesen, BAdesKen. Han tar med seg nokre av avisutklippa sine til Kronstad for å fortelje oss litt om kva vi eigentleg tenker om klima, ver, og alt det andre som er viktig nok til å få ein notis i lokalavisa.