Korleis kan din bedrift eller kommune gjere betre vurderingar for å ta vare på verdfull natur?
Tid: Onsdag 12. mars 2025, kl. 10.00 - 15.00
Stad: Aboretet på Milde
Naturen og mangfoldet av arter er fantastisk. Den gir oss mat, medisinar, flomdemping, karbonlagring, frisk luft og reint vann. Den gir oss naturopplevingar og betre folkehelse. Men kvar gong vi endrar eller gjer inngrep i natur påverkar den levestaden til plantar, dyr og sopp. For ni av ti trua arter på raudlista, er det arealendringar som er den største trusselen.
Det er mykje å tene på å gjere betre vurderingar av naturverdiar både for næringslivet og for offentleg forvaltning. Å ha ei felles forståing er avgjerande, bygge ned siloar og forstå kvarandre sine perspektiv. Betre kunnskapsgrunnlag og verdivurdering for kva prosjekt og tiltak ein set i gang, samt meir føreseielege og transparente prosessar, vil skape mindre interessekonfliktar og dermed mindre hindringar og nye rundar som krev tid og ressursar. Det er avgjerande at bedrifter og kommunar forstår korleis ein både påverkar og er avhengige av naturen, og tek ansvar for å redusere naturtapet.
Universitetet i Bergen ønskjer å bidra med objektiv kunnskapsformidling til privat og offentleg sektor om biologisk mangfald, korleis arealendringar påverkar biologisk mangfald og viktige økosystem, og kva verdiar som går tapt. Mange av verdiane er ikkje prissatte, og det krev meir av oss menneske for å forstå kva verdiar som står på spel. På dette kurset vil du få meir innsikt i korleis ein kan tilnærme seg dette fagområdet, metodar og verktøy for å jobbe med verdsetting og formidling av verdiane. Fokus er på handling, kva er det vi har mandat og høve til å gjere noko med i vår kommune eller bedrift.
I naturskjønne omgjevnader med eit enormt rikt naturmangfald ved Arboretet på Milde, skal vi denne dagen arbeide med korleis din bedrift eller kommune heilt konkret kan gjere betre vurderingar for å ta vare på verdfull natur. Vil du vere med å prioritere naturen?
Faglege ressursar
Denne dagen møter du forskarar ved Institutt for Biovitenskap og CeSAM (Senter for bærekraftig arealbruk) og Universitetsmuseet som har betydeleg kompetanse innan forsking og undervisning om økologi og naturmangfald. Du tar del i det første kurset vi gjennomfører i samband med oppstart av eit formidlingssenter for biologisk mangfald og arealbruk ved Arboretet.
Postdoktor Katja Malmborg er fagleg ansvarleg. Katja forskar på korleis kommunar kan anvende økologisk vitskapleg kunnskap for å styrke naturvern og berekraft, samt kva som motivere lokale aktørar til å verne om natur. Malmborg har mykje erfaring med å utvikle og undervise basert på tverrvitskapleg kunnskap i miljø- og berekraft. Ho bruker aktive og kreative undervisningsmetodar som fokuserer på prosess framfor data, og legg vekt på sosial læring der deltakarane skal lære av kvarandre. Dette er ei pedagogisk metode som vaksne studentar har særs godt utbytte av. Malmborg har ein spanande bakgrunn frå Stockholm Resilience Centre - der dei jobbar med næringslivstoppar om berekraft.
Fasilitetar og praktisk informasjon
Påmelding:
Send epost til helene.odven@uib.no
Tid: Onsdag 12. mars, kl. 10.00-15.00
Pris: kr. 700,- inkl. varm lunsj og transport
Stad: Arboretet på Milde, Mildevegen 240
Transport: Felles transport ved behov fra bybane/busstopp Birkelandsskiftet kl. 09:30
Praktisk informasjon vert tilsendt etter påmelding
Klede: Ta med varme og regntette klede. Vi skal ha ein del gruppearbeid medan vi er ute og går i Arboretet
Kurset er utarbeida av;
Senter for berekraftig arealbruk, Institutt for Biovitenskap, og Universitetsmuseet ved UiB, Stiftelsen Det norske arboret og VIS – Vestlandets Innovasjonsselskap AS.